BIRTEDALENHYTTER
  • NYHETER
  • OPPLEVELSER
  • MODELLER
  • TOMTER
  • PARTNERE
  • BILDEGALLERI
    • SOMMER
    • VINTER
  • WEB-KAMERA
  • KONTAKT
Loyper_02
25 august 2017

Løyper vinter

Kart, Turløyper

Birtedalen sti- og løypelag køyrer opp omlag 30 km med skiløype. Løypene blir oppkøyrde så fort det let seg gjere, og så lenge det let seg gjere, med tanke på snoforholda.

Du finn oppdatert kart over løypa så fort den blir køyrd opp for sesongen. Kjem du med bil og treng parkering bør du parkere på Søgardsplassen på Kile. Denne plassen blir brøytt til dette formålet. Her er parkeringsavgift kr 50,- eller via SMS på oppslag. På Søgardsplassen er det stort kart og det blir oppslag med kart rundt omkring i løypa.

Her finn du nyaste oppdaterte informasjon frå skiløypa. 

Vi har fått utarbeidd Sti- og løypeplan for Birtedalen og arbeider ut frå denne. Mange kjem med andre ynskje enn dei løypene vi har i dag, og som ikkje står i planen. Nå har vi 4 lag som køyrer. Skulle vi hatt fleire løyper må vi ha meir mannskap og meir utstyr. ​Det kan vi ikkje klare nå.

Birtedalen sti- og løypelag søkjer kvart år om stønad frå Fyresdal kommune til løypekøyringa. Vi arrangerar basar og får stønad via grasrotandelen.
Hovudinntekta er den friviljuge løypestøtta vi får inn. Det er desse inntektene som gjer at vi kan halde oppe løypene og stadig utbetre dei. Vi oppmodar alle som nyttar løypene om å betale inn denne stønaden.
Om du ikkje brukar løypene, men set pris på arbeidet som blir lagt ned i Birtedalen er vi takksame for all stønad.

Desse karta med løypa innteikna viser utviklinga og arbeidet som blir gjord av sti- og løypelaget. Bilete til venstre er frå vinteren 2017 og til høgre frå 2014/2015. Meir av løypa ligg nå på land.
Tryggleiken for løypekøyrarane og skiløyparane er nå veldig mykje betre.

Hvor er Solliåsen hyttefelt syd Turer i fjellet på sommeren

Related Posts

Kart

Kart, Turløyper

Turer i fjellet på sommeren

© - 2017 BIRTEDALENHYTTER
Digifriend

HYTTEFELTET

ADRESSE

Birtedalen AS
Solliåsen Syd
3870 FYRESDAL

KATEGORIER